Avtale om overføring av bruksrett for tekstar

1. Avtalepartar

1.1 Dei som overfører bruksrett (avgjevar)

Huomautus
Målsetjinga er at alle som har ein part i eit verk skal skriva under det same papiret. På det viset kan det ikkje seinare bli nokon diskusjon om lisenstakaren har fått lov eller ikkje. Den motsette situasjonen, at t.d. forlaget eller forfattaren ikkje har skrive under, vil fort kunna gje mindre trivelege situasjonar.
Rolle: forfattar
Namn:  
Adresse:  
Postnummer og -stad:  

Rolle: omsetjar
Namn:  
Adresse:  
Postnummer og -stad:  

Rolle: forleggjar
Namn:  
Adresse:  
Postnummer og -stad:  

1.2 Den som får bruksrett (mottakar)

Namn Sámediggi · Sametinget
Adresse Kautokeinov. 50
Postnummer og -stad N-9730 Karasjok

2. Meininga med denne avtalen

2.1. Denne avtalen gjeld bruksrett for tekstar som er eller blir overført til elektronisk form. Mottakaren kan leggje den i si tekstsamling og bruke den til forskingsføremål og/eller for å utvikle språkteknologiske program.

2.2 Avgjevarane forsikrar at dei har rett til å gje mottakar dei tekstane som denne kontrakten gjeld for.

3. Omfanget av bruksretten

3.1 Tekstane som får bruksretten sin overført blir lista opp i Vedlegg 1 til denne kontrakten.

3.2 Opphavsretten og den immaterielle retten til desse tekstane høyrer til avgjevaren.

3.3 Mottakaren får fri rett til, utan å betale avgjevaren for denne retten, å leggje tekstane til tekstsamlinga si. For å gjere dette kan tekstane bli handsama både manuelt og maskinelt, men på ein slik måte at innhaldet deira ikkje bli endra. Til tekstane er det likevel mogleg å leggje til koding som trengst for den vitskaplege granskinga, eller EDB-handsaminga, slik som informasjon om setningar, avsnitt, ordklasse, og andre språklege eigenskapar eller anna klassifisering.

Huomautus
Her bør evt. ei formulering om høve til å dekke utgifter til basen, t.d. etter sjølvkostprinsippet, kome inn. Dette er ikkje aktuelt for den samiske tekstbanken, og derfor ikkje med her. Tilsvarande bør andre økonomiske modellar dekkjast her, og ev inntekter for tekstprodusentane avtalast.

3.4 Avgjevarane får ikkje opphavsrett eller andre immaterielle rettar til forskingsresultata som kjem som eit resultat av handsaminga av tekstane. Avgjevarane skal likevel bli presentert i brosjyrer og dokumentasjon for tekstsamlinga.

3.5 Mottakar kan lagre tekstane på eiga datamaskin og/eller plassere tekstane hos ein ekstern datasentral. Mottakar forpliktar seg til å sikre at tekstane sin datatryggleik og vilkåra og pliktene som fylgjer av denne kontrakten blir oppfylt.

3.6 Mottakar har ikkje rett til å gje tekstar, kopiar av tekstar eller bruksrett til tekstar til tredjepart, anna enn det som er nemnd i punkt 3.7. Dersom mottakar lagrar tekstane hos ein ekstern datasentral som nemnt i punkt 3.5, har tilsette ved datasentralen rett til å leggja tekstane til rette for bruk som nemnt i 2.1

3.7 Mottakar kan gje personleg bruksrett til tekstsamlinga til personar som har skrive under på bruksrettskontrakten i vedlegg 2. Mottakar skal ikkje gje bruksrett til tekstsamlinga til personar som ein har grunn til å tru vil bryte vilkåra i kontrakten. Mottakar forpliktar seg til å informere avgjevar med ein gong han/ho får kjennskap til mogleg brot på desse vilkåra.

3.8 Bruksrett gjeld rett til å utnytte (i samsvar med lov og reglar for opphavsrett og med god vitskapleg skikk):

  • tekstar for vitskapleg forsking,
  • dei språktrekka (t.d. statistiske data, grammatikkreglar og ordas semantiske skildring) som ein har komme fram til ved å utforske tekstane,
  • korte eksempelsitat frå tekstane, og
  • tekstar for kommersielle og ikkje-kommersielle språkteknologiske eller tilsvarande formål som ikkje bryt med opphavsrettslover.

3.9 Mottakar forpliktar seg til å følgje slike teksthandsamingsprinsipp at datatryggleik og -vern er oppfylt.

3.10 Mottakar tilbyr seg å formidle ein versjon av tekstane i den bearbeidde og koda forma som er lagt til tekstsamlinga, attende til avgjevaren.

3.11 Denne kontrakten tek til å gjelde når alle kontraktspartane har underskrive han.

3.12 Mottakar kan seie opp denne kontrakten ved å returnere tekstane med alle kopiar attende til avgjevaren, eller ved å slette tekstane med alle kopiar, og opplyse om dette på ein sakleg måte til avgjevaren. Avgjevaren har rett til å seie opp denne kontrakten viss mottakaren på ein vesentleg måte bryt vilkåra i denne kontrakten, og ikkje rettar opp vilkårsbrota sine, trass i skriftleg påpeiking, innan 60 dagar ettar at han har fått denne påpeikinga.

3.13 Mogleg usemje i samband med denne kontrakten skal ein forsøke å forhandle om.

3.14 Kvar kontraktspartnar har eitt eksemplar av denne kontrakten.

4. Underskrifter

Avgjevarar Mottakar
Stad og tid: Stad og tid:
Underskrift: Underskrift:
Stad og tid: Stad og tid:
Underskrift: Underskrift:
Stad og tid:
Underskrift:

5. Vedlegg

Vedlegg 1: Tekstane kontrakten gjeld for

Vedlegg 2: Bruksrettsavtale for tekstsamlinga