Framdriftsrapport for Divvun

Nr 7, juni 2005

Gjennomført arbeid

I juni 2005 har arbeidet vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • Dokumentasjon: nettstaden vår, divvun.no vart opna samtidig med språkavdelinga sin termbase, www.risten.no på språkstyret sitt møte 22. juni i Tysfjord. Nettstaden blir enno ikkje oppdatert automatisk, men det er no mogleg å lesa om alt vi har gjort frå starten og fram til no:-) Det er i tillegg ein del allmenn info for ålmenta: hovudpunkta i framdriftsplanen, kva prosjektet leverer når det er ferdig, og litt anna.
  • tekstinnsamling: det vart ikkje gjort så mykje med tekstinnsamling i juni, i og med at mykje arbeid gjekk med til å førebu opninga av nettstaden vår, og fordi Børre byrja ferien sin rett etter opninga. Vi fekk omsett modellkontrakten frå Helsingfors universitet frå finsk til norsk, slik at vi lettare kan byrja å setja i hop vår eigen korpuskontrakt.
  • korpusorganisering: Tomi har arbeidd vidare med nokre verkty vi har laga for å prosessera korpusa, og trekkja ut den informasjonen vi vil ha.
  • Lingvistisk arbeid: Thomas gjorde mykje arbeid med lulesamisk i juni, og arbeidet har kome godt i gang. Maaren gjorde ein del arbeid med nordsamisk, fremst med å leggja til ord som enno ikkje fanst i leksikonet. Det har òg vorte arbeidd ein god del med leksikonet av folk som arbeider på universitetsprosjektet, og arbeidet med nordsamisk hadde derfor ei god framdrift sjølv om ikkje Thomas deltok.
  • Termbasen: Termbasen vart ferdig og installert på ny servar til opninga den 22. juni, med ein rimeleg mengde med sør- og lulesamiske termar. Termbasen fekk svært god mottaking, og med den nye servaren er han rask og grei å arbeida med. Redigeringa funkar i hovudsak som han skal - ein del mindre feil har vorte rapportert og delvis retta. Det gjekk ein del tid til termbasen i forkant av opninga, men no er han der - på nett!

Framdrift

Prosjektet gjekk framover som planlagt i juni. Dei viktigaste hendingane i høve til timeplanen var at vi byrja arbeidet med lulesamisk på allvor, og at vi opna nettstaden for publikum. Det som ikkje fylgjer den opphavlege timeplanen vart gjennomgått i rapporten for mai, og vil ikkje bli repetert her. Ein justert framdriftsplan vil bli lagt fram for styringsgruppa i september, basert på mai-rapporten.

by Sjur N. Moshagen