Avtale om produksjon av brukartenester til tekstsamling

Avtalepartane

Bruksrettstingar (nedanfor: tingar)

Opphavsrettsleg stilling  
Namn Sametinget
Adresse Ávjovárgeaidnu 50
Postnummer og -stad 9730 Karasjok

Bruksrettsprodusent (nedanfor: produsent)

Opphavsrettsleg stilling  
Namn Universitetet i Tromsø
Adresse  
Postnummer og -stad 9002 Tromsø

Formålet med avtalen

2.1 Dette er ein avtale mellom tingar og produsent. Formålet med avtalen er å regulere kva produsenten skal gjere med tekstsamlinga på vegner av tingar.

2.2 Etter denne avtalen har produsenten forplikta seg til å plassere tingaren si tekstsamling på ein tenar som han/ho forpliktar seg til å ha ansvaret for.

2.3 Produsenten forpliktar seg til å lagre tekstsamlinga på ei datamaskin på ein slik måte at ho er tilgjengeleg for dei forskarane som tingaren har gjeve bruksrett til tekstsamlinga til, slik at dei kan bruke tekstsamlinga.

Tekstane i tekstsamlinga

3.1 I vedlegg 1 står ei liste over tekstane som høyrer til i tekstsamlinga, kor store dei er, og kva avtale som er gjort om dei.

Produsentens pliktar og ansvar

4.1 Produsenten har ansvar for at dei bruksoppgåvene som er definert for han i punkt 2 i denne avtalen blir utført profesjonelt og etter god teknisk yrkesskikk.

4.2 Produsenten er ansvarleg for å følgje slik god skikk for elektronisk datahandsaming at datatryggleik og datavern blir teke vare på.

4.3 Produsenten garanterer for at vilkåra i avtalen blir oppfylde innafor normal oppetid.

4.4 Produsenten garanterer for dei maskinene som er i hans eller hennar eigne lokale, og for at tryggleikskopiar vil bli tekne og oppbevart på ein måte som samsvarar med profesjonell og god teknisk yrkesskikk.

Rettar

5.1 Eigedomsrettane og dei immaterielle rettane til tekstane, produkta og dei avleidde programma som tingaren har lisensiert, eig, leiger, har laga, eller dei avleidde programma som tingaren har bruksrett til, blir ikkje overført til produsenten som eit resultat av denne avtalen.

5.2 Produsenten har bruksrett til programprodukta og skildringane som tingaren har gjeve til produsenten, og det berre for å utføre arbeidsoppgåver for tingaren. Tingaren har ansvaret for å skaffe naudsynte løyve for å utføre desse oppgåvene.

5.3 Tingaren kan, om han/ho vil, få tilgang til resultatet av utviklingsarbeidet til produsenten, eller til tredjepart. Det skal gjerast separat avtale om overføringa av produkta frå utviklingsarbeidet til tingaren.

Garanti

6.1 Viss det er manglar eller feil i databasen som følgje av feil produsenten har gjort, skal produsenten få databasen i normaltilstand utan forseinkingar, og kostnadsfritt for tingaren.

6.2 Viss det er manglar eller feil i databasen som følgje av feil tingaren har gjort, skal partane i lag bli samde om å få databasen i normaltilstand. Produsenten utfører naudsynt dataarbeid kostnadsfritt så langt det er mogleg. For meir arbeid skal det bli forhandla om pris i kvart enkelt tilfelle.

6.3 Produsenten har ikkje ansvar for feil eller manglar som kjem av feil eller manglar i data, informasjon eller rettleiing frå tingaren, eller i data eller informasjon formidla av eller vist til av tingaren.

Usemje

7.1 Partane skal primært prøve å løyse mogleg usemje via forhandlingar.

Oppseiing av avtalen

8.1 Begge partane har rett til å seie opp avtalen med 6 månaders varsel.

Avtalestart, moglege endringar

9.1 Denne avtalen tek til å gjelde når begge partane har underteikna han.

9.2 Det er laga to eksemplar av denne avtalen, ein til kvar avtalepart. Avtalen kan endrast berre med avtalepartanes felles skriftlege avtale.

Underskrifter

Tingar Produsent
Tid og stad Tid og stad
   
Underskrift: Underskrift:
   

Vedlegg

Vedlegg 1. Skildring av tekstane.