Framdriftsrapport for Divvun

Nr 13, januar 2006

Gjennomført arbeid

I januar har arbeidet med å lysa ut dei delane som skal til underleverandørar gått fleire steg framover, medan det lingvistiske arbeidet har stoppa ein del opp pga sjukdom. Arbeidet har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • tekstinnsamling:
    • korpuskontrakt: hovudkontrakten (den som gjeld lisensieringa av tekstar) vart godkjent frå Sametinget sin jurist (med nokre gode merknader), og vi er endeleg klare til å byrja å samla inn tekst for alvor.
    • innsamling: vi har gått gjennom lista med institusjonar og personar som vi skal kontakta, og Børre har fått opplæring i den relevandte delen av Websak. Elles vart innsamlingsarbeidet hindra av førebuingane til prosjektmøtet i Tromsø.
  • korpusorganisering: ein del detaljarbeid vart gjort, og vi heldt ein god gjennomgang av verktya og rutinane for å arbeida med korpuset på prosjektmøtet vårt i Tromsø
  • Lingvistisk arbeid:
    • lulesamisk: ingen ting i januar.
    • nordsamisk: ein del nye ord har vorte lagt til, elles lite. Thomas har vore sjukmeldt store delar av januar (og er framleis sjukmeldt).
  • namneleksikon: arbeidet med å førebu integreringa med risten.no har gått vidare, og tok viktige steg framover på prosjektmøtet.
  • Stavekontroll: ingen ting i januar.
  • Utlysing av delar av prosjektet: eg fekk endeleg bede eit firma om å hjelpa oss med gjennomføringa av utlysingsprosessen. Etter ein kort og intens tilbodsrunde på dette bistandsarbeidet, gjekk oppdraget til slutt til Finnut Consult AS. Vi heldt eit møte med dei i samband med prosjektmøtet i Tromsø, der vi gjekk gjennom arbeidet fram til utlysing, og slo fast ein timeplan med kontraktsinngåing med underleverandør(ar) i slutten av mai 2005. Det finst ein del slakk i denne planen - det er brukbart med tid frå tilbodsfrist til kontraktsinngåing.

Prosjektmøte

Divvun-prosjektet heldt prosjektmøte i Tromsø siste veka i januar, i lag med Universitets-prosjektet. Møtet vart litt redusert i høve til planane for Divvun sin del, ettersom både Thomas og Maaren meldte fråfall. Vi fokuserte i staden meir på dei tekniske sidene ved namneleksikonet, og vi heldt samtidig det fyrste møtet med firmaet som skal hjelpa oss med utlysinga av arbeid som skal til underleverandørar.

Framdrift

Prosjektet har gått framover etter planen, med unnatak av at det har vorte gjort mindre lingvistisk arbeid. Inntil vidare er ikkje bortfallet av dette arbeidet noko som påverkar timeplanen på sikt.

by Sjur N. Moshagen