Avtale om bruksrett til maskinlagra tekstar

1 Avtalepartane

1.1 Søkar (nedanfor: brukar) fyller ut:

Namn  
Arbeids- eller studiestad  
E-post  
Telefon  
Adresse  
Postnummer og -stad  
(For studentar:) Rettleiar  

1.2 Løyvar

Namn [Typisk eigaren av tekstsamlinga. NB! Ikkje datasentralen!]
Organisasjon  
E-post  
Telefon  

2 Bakgrunn for avtalen

2.1 Tekstbanken blir administrert av ein datasentral). Faktisk tilgang til tekstbanken får brukaren av datasentralen etter at denne søknaden er innvilga av løyvaren. [Skildring av tekstbankadministratoren og dei tilhøyrande oppgåvene]

3 Formålet med avtalen

3.1. Etter denne avtalen gjev løyvaren brukaren rett til å bruke dei tekstane som er nemnde i vedlegg 1. [til sjølvkost/til XXX,- NOK/år./osb.]

Huomautus
Viss løyvaren vil ha høve til å dekke utgiftene sine, t.d. etter sjølvkostprinsippet, bør det inn her. Høve til å gjere det bør også avklarast i kontrakten med tekstprodusent

4 Omfanget av bruksretten

4.1 Brukaren har berre rett til å bruke tekstane til forsking eller slike kommersielle språkteknologiske eller andre liknande formål, som ikkje bryt med Lov om opphavsrett til åndsverk. Brukaren kan bruke tekstane for å gjere seg nytte av dei språktrekka (t.d. statistisk informasjon, grammatiske reglar og semantiske skildringar) han/ho har funne gjennom forsking, og plukke ut kortare sitat frå tekstane.

5 Vilkår for bruksretten

5.1 Brukar er pliktig til å erstatte økonomiske tap for X (tekstprodusent, tekstinnsamlar og/eller datasentral) som følgje av grovt aktlaus bruk av tekstsamlinga, eller medvite misbruk.

5.2 Brukaren bind seg til å følgje god vitskapleg skikk (t.d. etter retningsliner frå forskingsetisk råd), reglar om opphavsrett, og dei avgrensingar og vilkår som blir sett i denne kontrakten.

5.3 Brukaren får ikkje ta større delar av løpande tekst i tekstsamlinga enn korte sitat bort frå den tenaren som tekstsamlinga er installert på. Det er lov til å lagre temporære kopiar på sjølve tenaren på det vilkåret at brukaren tek omsyn til datatryggleiken. Denne avgrensinga gjeld ikkje offentlege dokument (t.d. NOU, stortingsmeldingar o.l.). Det går klårt fram av kvart dokument kva for lisens som er knytta til det.

5.4 Bruksrett til tekstsamlinga er personleg, og kan ikkje overførast til ein annan person.

5.5 Brukaren bind seg til å bruke tekstsamlinga berre til det formålet som er oppgjeve i punkt 6 "Samandrag av forskingsformålet".

5.6 Når brukaren publiserer forskingsresultata som han eller ho har komme fram til med hjelp av tekstsamlinga, skal han eller ho i publikasjonar om dette vise til tekstsamlinga på denne måten:

Namn på tekstsamlinga. Dato for bruken som gav dei rapporterte
      resultata, tenestetilbydar.

5.7 Brukaren mistar bruksretten sin straks om han eller ho bryt desse vilkåra.

5.8 Avtalepartane er ikkje forplikta til å erstatte ulemper for den andre parten, dersom dei ikkje er i stand til å oppfylle krava i denne kontrakten.

5.9 Løyvar er ikkje ansvarleg for å tilpasse bruken av desse tekstane til noko spesielt formål, og garanterer heller ikkje at kodinga er korrekt.

5.10 Denne kontrakten tek til å gjelde når løyvar skriv under på han.

5.11 Bruksretten gjeld for eitt år etter siste dato som løyvaren har skrive under på. Bruksretten kan forlengjast etter søknad, sjå pkt 8.

6 Samandrag av forskingsplanen (må fyllast ut av søkaren)

___________________________________________________________________________________________

___________________________________________________________________________________________

___________________________________________________________________________________________

___________________________________________________________________________________________

___________________________________________________________________________________________

___________________________________________________________________________________________

___________________________________________________________________________________________

7 Underskrifter

Løyvar Brukar (søkar fyller ut)
Tid og stad: Tid og stad:
   
Underskrift: Undeskrift:
   

8 Framhald av bruksløyve

Namn  
Organisasjon  
E-post  
Telefon  
Tid og stad  
Underskrift  

9 Vedlegg

Vedlegg 1: Tekstane denne avtalen gjeld

Vedlegg 2: Klagerett