Framdriftsrapport for Divvun

Nr 3, februar 2005

Arbeid

Arbeidet i februar har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • dokumentasjonssystemet: dei fleste problema som fanst ved utgangen av januar er løyste, og dokumentasjonssystemet er no i aktivt bruk av alle prosjektdeltakarane. Så godt som alt vi gjer blir dokumentert her, inklusive månadsrapportane, og referat frå møta våre. Det viktigaste punktet som står att er å gjera dokumentasjonen og prosjektinformasjon meir allment tilgjengeleg utanfor prosjektgruppa. Prosjektet har fått reservert eit eige domene (divvun.no), men IT-avdelinga har ikkje gjort alt som trengst for at vi kan ta i bruk domenet. Vi har som mål å få domenet operativt og dermed gjera dokumentasjonen tilgjengeleg i mars.
  • tekstinnsamling: Brevet med invitasjon til avlevering og samarbeid omkring prosjektet er omsett og sendt ut, og prosjektet har fått mykje positiv respons, men enno ingen tekstar. Både Børre og Thomas har brukt ein god del tid på dette. Neste steg blir å laga ein avtaletekst som kan brukast ved avlevering.
  • korpusorganisering: Tomi og Trond har diskutert med Lars Nygård ved Tekstlaboratoriet, UiO, og diskusjonen har etter kvart kome godt i gang i diskusjonsgruppa vår, der òg Børre og Sjur har vore aktivt med. Vi har testa ut eit-par ulike løysingar for å konvertera materiale til XML, og resultata så langt ser svært lovande ut. Vi har berre sett på Word-filer til no, sidan storparten av korpusmaterialet sannsynlegvis vil vera slike.
  • Tromsø-seminar: Maaren og Thomas var tre dagar i Tromsø for å få meir opplæring og for å kunna arbeida konsentrert med prosjektet (det siste var særleg viktig for Maaren, som har hatt problem med å få tid til å arbeida for prosjektet i Kautokeino). Resultatet av reisa var svært positivt: i tillegg til at Maaren og Thomas lærte mykje, fekk vi og ordna visse tekniske problem som Maaren har slite med.
  • Lingvistisk arbeid: arbeidet går bra framover, og Thomas arbeider seg systematisk gjennom bøyinga av ulike grupper av ord, i februar har målgruppa vore adjektivbøying. Prosjektet får hjelp frå GT-prosjektet (Giellateknologiija, UiT-prosjektet), ved at Trond har tilsett to studentar på deltid som hjelper til med å korrigera leksikonet. Maaren har òg arbeidd med dette.
  • Termbasen: Børre, Tomi og Sjur har jobba med termbasen, Sjur ein stor del av tida. Sidan dette arbeidet ikkje høyrer til Divvun-prosjektet, vil det bli rapportert separat.

Tekniske problem

Dei viktigaste tekniske problema er no løyste: internetttilkoplinga er no for det meste stabil, alle på Sametinget har igjen tilgang til diskusjonsgruppa, og alle kan òg delta på møta våre slik det er meininga.

Det er framleis ikkje mogleg å kopla seg opp med video- og talekonferanseprogramvare mot brukarar innanfor veggene til Sametinget (Thomas og Maaren), og nokre mindre tekniske problem står att, men ingen som allvorleg hindrar det daglege arbeidet.

Framdrift

Prosjektet er stort sett i rute, men nokre av oppgåvene til prosjektleiaren er framleis forsinka pga arbeidet med å gjera ferdig terminologibasen. Dette gjeld, som i januar, prosjektplanen, og arbeidet med å skriva ein spesifikasjon for eksterne leverandørar for dei delane som skal leggjast ut. Arbeidet med terminologibasen bør vera meir eller mindre over i mars, og dermed burde det ikkje få konsekvensar for prosjektet på lengre sikt. Alle delane av prosjektet burde igjen vera i rute til sommaren.

by Sjur N. Moshagen