Framdriftsrapport for Divvun

Nr 10, oktober 2005

Gjennomført arbeid

Oktober var prega av korpusarbeid og lingvistisk arbeid. Det arbeidet som har vorte gjort har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • Dokumentasjon: dette punktet går heretter ut, det er no berre små tekniske endringar og justeringar, dokumentasjonsarbeidet er heretter for det meste rein dokumentasjon, dvs skriving, og er ein del av det daglege arbeidet med dei andre sakene vi gjer. Målet er å heile tida dokumentera det vi gjer, slik at dokumentasjonen er rimeleg i takt med resten av arbeidet. Dette er ein føresetnad for vellukka overføring til ein permanent driftsorganisasjon seinare.
  • tekstinnsamling:
    • korpuskontrakt: ein jurist ved Universitetet i Tromsø har sett på kontraktstekstane og kome med verdifulle merknader. Vi har deretter prøvd å få tak i Kimmo Koskenniemi for å klargjera uklare punkt i originalen, men vi har ikkje fått respons enno.
    • innsamling: ein del tekst har vorte samla inn frå Sametinget og Odin (offentlege dokument). Elles har det ikkje hendt så mykje på den fronten i oktober, vi ventar på å få kontrakten ferdig.
  • korpusorganisering: infrastrukturen for korpussamlinga har tatt viktige steg framover i oktober. Vi er snart klare til å opna ei eiga side der folk sjølve kan leggja inn tekstdokument i korpussamlinga, i ein halvautomatisk prosess.
  • Lingvistisk arbeid:
    • lulesamisk: vi kom litt vidare med eit vesentleg problem som gjeld stadieveksling og diftongforenkling, men det står framleis igjen mykje arbeid. Derimot har vi kome eit godt stykke vidare med samansetjing og derivasjon, slik at desse punkta no må reknast som ferdige inntil vi får eit større leksikon og korpusmateriale å testa modellen vår på.
    • nordsamisk: vi hadde lagt fram ganske mange saker for Giellalávdegoddi til møtet deira i oktober, og hadde håpa på klargjerande svar. Diverre kom dei ikkje ein gong så langt som til å utnemna sekretær...
    • namneleksikon: Vi har definert den grunnleggjande strukturen i det nye leksikonet, og har byrja arbeidet med å førebu namneleksikonet på konverteringa. Det ser ut som om namneleksikonet kan bli utgangspunktet for eit tettare samarbeid med risten.no, eit kvensk stadnamnprosjekt, og eventuelt med kartverket.
  • Termbasen: mot slutten av oktober byrja prosessen med å overføra risten.no til andre. Risten T. Aleksandersen har no redaktøransvaret, og Tomi Pieski vil arbeida deltid med risten.no, ved sidan av arbeidet med Divvun-prosjektet.
  • Stavekontroll: vi har ikkje gjort vesentleg arbeid med stavekontrollen i oktober

Styremøte

Prosjektet hadde møte med styringsgruppa i byrjinga av oktober. Eit endeleg referat frå møtet vil bli tilgjengeleg på heimesida i nær framtid (det noverande referatet er ikkje heilt ferdig).

Framdrift

Prosjektet har gått fint framover i oktober òg, og etter at endringane i prosjektplanen som vart lagt fram for styringsgruppa vart godkjende, er det heller ingen atterhald lengre:-)

by Sjur N. Moshagen