Permanent driftsorganisasjon

I samband med utgreiinga for prosjektet som no er kjent som Divvun-prosjektet, vart det peikt på trongen til ein permanent driftsorganisasjon som kunne ta ansvar for det langsiktige vedlikehalds- og utviklingsarbeidet etter at Divvun-projektet er avslutta og den fyrste versjonen av korrekturprogramma vart ferdig. Styringsgruppa for Divvun-prosjektet ba på det fyrste møtet sitt om at prosjektleiar laga ein plan for ein slik driftsorganisasjon. Dette dokumentet inneheld denne planen.Oppdatering: Etter dei røynslene vi no har etter 2,5 års prosjekt, har eg oppdatert stillingsprosentane til det eg trur er meir realistisk.

Oppgåver

Ein permanent driftsorganisasjon bør ha ansvar for desse oppgåvene:

  • språkleg vedlikehald av leksikon (ordlista) og andre lister
  • språklege oppdateringar av dei eksisterande verktya
  • halda kontakt med leverandørar av eksternt utvikla verkty, forhandla fram nye versjonar når det trengst (ny versjon av vertsprogramma)
  • kontakt med brukarane
  • ansvar for tekniske problem i verktya som byggjer på open kjeldekode
  • ansvar for å halda ved like og byggja ut det eksisterande korpuset, inkl å samla inn meir tekst, sjå over rutinar for kontinuerleg innsamling (avistekster, tekster frå Samediggi, osb)
  • vurdera, planleggja og starta nye prosjekt for nye språk, nye verkty og nye målgrupper

Stillingar

Ut i frå dei oppgåvene som er nemnde over, er det tre ulike stillingstypar som trer fram:

  • lingvist (språkleg vedlikehald, nye prosjekt) * 2, ein for nordsamisk og ein for lulesamisk
  • programmerar (ansvar for open kjeldekode-verktya, kontakt med ekstern leverandør)
  • teknisk sekretær (ansvar for oppdateringar, brukarkontakt, korpusutvikling, nye prosjekt)

Stillingane går litt over i kvarandre, og den eksakte oppdelinga kan justerast i høve til ev tilsette, og i høve til finansieringsløysing. Berre teknisk sekretær er fulltidsstilling, resten er deltid (om ikkje lingvistane kan samlast i ein person), eit omtrentleg overslag av arbeidsmengda for oppgåvene som er skissert over i prosent av heil stilling er:

lingvist:
2 x 50 %
programmerar/datalingvist
50 %
teknisk sekretær
100 %

Det bør strekast under at det pr i dag er vanskeleg å vurdera det eksakte behoved for (lingvistisk) vedlikehalds- og oppdateringsarbeid, og stillingsprosenten bør vurderast etter eitt års drift. Det same gjeld arbeidsmengda og dermed prosenten for den tekniske sekretæren.

For alle stillingane gjeld det at dei krev god forståing av formalismane som blir nytta (pr. i dag basert på verkty frå Xerox, men dette kan endra seg), og ei grunnleggjande forståing av språkteknologi og korrekturprogram. Ein del av denne kunnskapen vil det vera rimeleg at ein tileignar seg i stillinga, men det bør krevjast avsluttande høgskuleeksamen i relevante fag for kvar av stillingane, eller praksis som dokumenterer tilsvarande kunnskap.

Alle stillingane krev òg nært samarbeid med Universitetet i Tromsø og det språkteknologiske miljøet der.

Nedanfor finst det spesifikke merknader til kvar stilling, med ei skisse til kvalifikasjonane for stillinga.

Lingvist

Lingvisten/lingvistane må kunna halda ved like både lulesamiske og nordsamiske leksikon (ordlister), og må derfor ha tilnærma morsmålskompetanse i båe, samt vera sikker i normeringa av båe. Det er derfor rimeleg å tru at ein treng to personar til denne stillinga, sjølv om det er mogleg å slå dei i hop til éi heil stilling for personar med dei rette kvalifikasjonane. Lingvisten/lingvistane skal òg vera med å førebu og planleggja nye prosjekt, og særleg vurdera det lingvistiske arbeidet av slike.

Programmerar/datalingvist

Programmeraren/datalingvisten vil ha hovudansvaret for å halda ved like dei datalingvistiske modellane som ligg til grunn for korrekturverktya, og for korrekturverktya som byggjer på open kjeldekode. Denne stillinga bør óg ha ansvar for samarbeidet med eksterne leverandørar (det vil seia korrekturverktya for MS Office og Adobe InDesign), og kan i tillegg ha ansvar for å pakka og levera oppdateringar til brukarane (som eit alternativ til å la den tekniske sekretæren ha denne oppgåva).

Teknisk sekretær

I mangel av eit betre namn blir den tredje stillinga her omtala som «teknisk sekretær». Stillinga inneheld ei blanding av sekretærliknande oppgåver, tekniske oppgåver og brukarkontakt, og krev «litt av alt». Denne stillinga skal ha hovudansvaret for å planleggja, førebu og setja i gang nye prosjekt. Dersom nye prosjekt blir sett i gang, er det rimeleg at denne stillinga får ansvaret som koordinator eller prosjektleiar for dei.

Organisering

Stillingane bør opprettast som permanente stillingar ved Sametinget. I og med at stillingane ikkje er heiltidsstililngar, bør dei kombinerast med andre oppgåver som ligg nære, t.d. ansvar for termdatabasen (både terminologisk og teknisk). Det er til dels høgt spesialisert kunnskap som krevst i alle stillingane, og det tek tid å byggja opp kompetansen og erfaringa som trengst. Permanente stillingar er meir attraktive for kvalifiserte søkjarar, og sikrar samtidig kontinuitet i arbeidet med denne viktige delen av samisk språkrøykt.

Det noverande prosjektet legg ned mykje tid og ressursar på å byggja opp kompetanse for framtida, og det bør leggjast vekt på å motivera noverande prosjektmedarbeidarar til å halda fram i den permanente driftsorganisasjonen. Ein kan ikkje rekna med at alle noverande medarbeidarar vil halda fram (det er heller ikkje set av stillingsressursar til det), men jo større personalkontinuitet det er mogleg å få, desto betre for kontinuiteten i arbeidet og kunnskapsoverføringa til nye medarbeidarar.

Budsjett

Dei tre stillingane i hop gjev ein total stillingsprosent på 250 %. Med ein årskostnad på kring 600 000,- NOK pr heile stilling, tilsvarer det 1 500 000,- NOK / år i lønsmiddel for den permanente driftsorganisasjonen frå starten januar 2008. Pga at arbeidet krev høg og spesialisert kompetanse, bør ein inkludera middel for etterutdanning og reiser til relevante konferansar, samt (sam)arbeidsmøte med miljøet ved Universitetet i Tromsø. Forslag til budsjett ser dermed ut som fylgjer:

Årsbudsjett for permanent driftsorganisasjon
Budsjettpost Sum
Løn 1 500 000,-
Etterutdanning, konferansar, reiser 300 000,-
Totalt 1 800 000,- NOK

Budsjettet inkluderer ikkje utgifter til nye prosjekt.

by Sjur N. Moshagen

v1.0-$Id$Oppdatert versjon, juni 2007