Framdriftsrapport for Divvun

Nr 5, april 2005

Gjennomført arbeid

I april har arbeidet vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • Dokumentasjonssystemet: alle lenkefeil er løyste, samt alle andre feilmeldingar vi får når vi byggjer dokumentasjonen, slik at vi no, teknisk sett, er heilt klare for å opna ei offentleg heimeside. Diskusjonane med Universitetet omkring dei tekniske detaljane har byrja, og dei offentlege heimesidene bør vera operative ein gong i mai.
  • tekstinnsamling: arbeidet med å laga eit utkast til avtaletekst har gått seint framover, og vi vil konsentrera oss meir på dette punktet i mai.
  • korpusorganisering: arbeidet med å definera og byggja opp infrastruktur for korpuset tok eit kraftig steg framover i april. Det står att noko arbeid, men det viktigaste grunnarbeidet er gjort, slik at vi i mai vil vera klare for å ta i mot tekstar frå publikum.
  • Lingvistisk arbeid: lingvistane arbeider seg vidare gjennom massen med ord og ordklasser. Maaren har fått tid til å gjera ein del arbeid.
  • Termbasen: Termbasen har og teke mykje av Sjur si tid i april, men det viktigaste arbeidet med termbasen vart no endeleg sluttført, og Sjur har byrja å redusera tida som blir brukt på termbasen, og brukt meir tid på den eigentlege jobben som prosjekleiar.
  • Reiser: heile prosjektgruppa var med på personalseminar i Alta i byrjinga av april. Børre, Maaren og Sjur deltok på eit nordisk seminar i Pargas i sør-Finland om korrekturverkty. Det var eit nyttig seminar, vonleg blir det fleire i framtida.

Vi planlegg ei prosjektsamling i slutten av mai (25.-27. mai) i Kautokeino. Der vil vi m.a. oppsummera det fyrste halvåret sidan vi starta prosjektet.

Framdrift

Prosjektet er stort sett i rute, men nokre av oppgåvene til prosjektleiaren er framleis forsinka pga arbeidet med å gjera ferdig terminologibasen. Dette gjeld, som tidlegare, prosjektplanen og arbeidet med å skriva ein spesifikasjon for eksterne leverandørar for dei delane som skal leggjast ut. Kommentarane for mars gjeld i hovudsak for april òg.

by Sjur N. Moshagen