Framdriftsrapport for Divvun

Nr 1, oktober-desember 2004

Arbeid

Det utførte arbeidet i perioden var:

  • å gå gjennom søkjarlista, intervjua og tilsetja prosjektmedarbeidar for 3 av stillingane i prosjektet.
  • etter tilsetjing vart det gjeve eit grunnleggjande kurs og innføring i prosjektet, arbeidet og verktya (= oppstartsseminar)
  • i samband med oppstartsseminaret vart det halde ein pressekonferanse som resulterte i eit lengre innslag på NRK Sámeradio
  • å byrja med å tilpassa og betra eksisterande infrastruktur frå Tromsø-prosjektet, og byggja ny infrastruktur der det manglar
  • det fyrste styringsgruppemøtet vart halde i Oslo 15. desember. Overordna plan og budsjett vart godkjent med små justeringar, og detaljplan og -budsjett for 2005 vart òg godkjent.

Alle punkta vart gjennomførde etter planen. Detaljar om det tredje punktet kjem nedanfor.

Arbeidet med infrastrukturen

Arbeidet med infrastrukturen omfattar fleire punkt:

  1. konvertering frå internt teiknsett til Unicode (UTF-8)
  2. setja opp eit dokumentasjonssystem som er lettare å halda ved like og utnytta til fleire formål enn det eksisterande
  3. setja opp eit reelt system for korpushandtering: konvertera, lagra og bruka tekstar for testing og utvikling

Infrastrukturarbeidet er omfattande og vil ta tid. Målet med arbeidet før årsskiftet var å koma godt i gang med det fyrste punktet, og ev. byrja på det andre.

Konvertering til Unicode

Pga alle dei problema det har vore med å bruka samisk på data, i fyrste omgang pga mange konkurerande, og delvis private, standardar (eller delvis mangel på slike) for teiknsett, har det heilt frå starten vore klart at prosjektet må satsa på og bruka Unicode. Arbeidet med å konvertera ikkje berre sjølve filene, men òg arbeidsgangen til Unicode, kravde grundig gjennomgang av alle verktya vi bruker, og oppsettet av datamaskinene.

Arbeidet vart ikkje ferdig før utgangen av desember, men kom godt i gang, og er såleis i rute med planen.

Dokumentasjonssystem

Prosjektet treng eit dokumentasjonssystem som gjer det lett å skriva og halda ved like dokumentasjonen, og helst eit system som gjer det lett å omorganisera nettsidene utan dramatiske inngrep i dei underliggjande filene. Det er òg ein stor fordel om det er lett å publisera til fleire kanalar (t.d. både nettsider, pdf m.fl.).

I og med at prosjektet samarbeider så tett med Disamb-prosjektet ved UiTø, var det viktig å kunna byggja vidare på det dei alt har av dokumentasjon. Deira dokumentajson er skriven i HTML.

Arbeidet med å reorganisera og tilpassa dokumentasjonen til eit nytt system, og å førebu konverteringa til dette systemet, byrja i siste halvdel av desember då Børre Gaup byrja på prosjektet.

Framdrift

Arbeidet i perioden oktober-desember var i samsvar med planane, og prosjektet var i rute ved årsskiftet.

by Sjur N. Moshagen