Framdriftsrapport for Divvun

Nr 4, mars 2005

Gjennomført arbeid

Arbeidet i mars har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • dokumentasjonssystemet er no i aktivt dagleg bruk i prosjektet (og i prosjektet til UiT). Nokre små tekniske problem som enno ikkje var løyste i februar er no retta opp. Det viktigaste punktet som framleis står att er å gjera dokumentasjonen og prosjektinformasjon meir allment tilgjengeleg utanfor prosjektgruppa. Domenet divvun.no vart aktivert i slutten av mars, og det er no berre integreringa med servaren til UiT som står att før prosjektet sine heimesider er tilgjengelege for publikum.
  • tekstinnsamling: vi har fått mange positive tilbakemeldingar i mars, og neste steg er å få ferdig utkast til avtaledokument.
  • korpusorganisering: vi har jobba vidare med å testa konvertering frå MS Word-dokument, og diskutert ein god del korleis vi vil organisera filene, og kva for format vi vil ha i vårt eige korpus.
  • Lingvistisk arbeid: arbeidet gjekk òg denne månaden bra framover, og Thomas arbeider seg systematisk vidare gjennom bøyinga av ulike grupper av ord, i mars har målgruppa vore verb. Maaren har i praksis ikkje hatt tid til å delta i prosjektarbeidet i mars.
  • Termbasen: Også i mars har Børre og Sjur jobba med termbasen, Sjur ein stor del av tida. Sidan dette arbeidet ikkje høyrer til Divvun-prosjektet, vil det bli rapportert separat.

Vi har ingen tekniske problem utover det ein må rekna med i eit slikt prosjekt, bortsett frå at det framleis ikkje er mogleg å kopla seg opp med video- og talekonferanseprogramvare mot brukarar innanfor veggene til Sametinget (Thomas og Maaren). I mai vil vi auka bruken av video- og talekonferanse, så då må dette siste problemet løysast.

Framdrift

Prosjektet er stort sett i rute, men nokre av oppgåvene til prosjektleiaren er framleis forsinka pga arbeidet med å gjera ferdig terminologibasen. Dette gjeld, som i januar og februar, prosjektplanen, og arbeidet med å skriva ein spesifikasjon for eksterne leverandørar for dei delane som skal leggjast ut. Arbeidet med terminologibasen vart ikkje heilt ferdig i mars, sjølv om det no klart nærmar seg slutten. Slik det ser ut no, vil prosjektet bli litt forseinka med å laga ein spesifikasjon for eksterne leverandørar, og det vil påverka tidsfristane for offentlege tilbod. Dersom vi gjer svartida for slike tilbod kortare, kan vi enno klara å gjennomføra heile tilbodsprosessen i år, men eg trur ikkje vi får sett i gang det praktiske samarbeidet på denne sida av årsskiftet. Får vi gjennomført tilbodsrunden i år burde vi kunna vera heilt i rute i høve til den opphavlege timeplanen neste sommar.

by Sjur N. Moshagen