Framdriftsrapport for Divvun

Nr 8, juli 2005

Gjennomført arbeid

Juli har vore prega av ferie. Det arbeidet som har vorte gjort har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • Dokumentasjon: det vart gjort ein del arbeid med å setja opp automatisk oppdatering av nettstaden. Ved utgangen av juli var prosessen halvautomatisk – oppdateringa må startast manuelt, men resten skjer automatisk. Visse funksjonar er ikkje på plass, m.a. går det ikkje å lesa referata frå vekemøta våre enno, og vi har ikkje fått på plass automatisk nyhendeutsending som gjer at det er mogleg å fylgja prosjektet utan å gå til nettstaden.
  • tekstinnsamling: det vart ikkje gjort noko i juli pga ferieavviklinga.
  • korpusorganisering: litt arbeid har vorte gjort med infrastrukturen.
  • Lingvistisk arbeid: Svært lite har skjedd i juli, sjølv om Thomas rakk å gjera litt med lulesamisk før han for på ferie, og Maaren ditto for nordsamisk. Utover det har leksikonet vorte jamleg oppdatert av folk på universitetsprosjektet.
  • Termbasen: arbeidet med å retta opp feil som har vorte oppdaga etter opninga har halde fram.
  • Stavekontroll: vi har byrja arbeidet med å setja opp infrastruktur for å laga den fyrste stavekontrollen. Stavekontrollen vil bruka ein utvida versjon av verktya frå Xerox som vi må betala for. Denne utvida versjonen vil generera det som trengst for å kunna laga ein stavekontroll i Aspell, ein stavekontrollmotor som finst for alle plattformar vi skal levera til, og som er tilgjengeleg som open kjeldekode.

Samling og kurs

Vi skal ha ei ny samling i Helsingfors dei siste dagane av august, i samband med ein «workshop» om språkteknologi (FSMNLP) av den typen vi bruker i prosjektet. Alle prosjektmedlemene skal etter samlinga delta på workshoppen.

Demonstrasjon

I samband med workshoppen nemnd over vil vi halda ein demonstrasjon av den fyrste stavekontrollprototypen, slik det er skildra lenger opp. Vi håper på å få nyttige tilbakemeldingar frå andre språkteknologar i samband med demonstrasjonen.

Framdrift

Prosjektet har gått smått framover i juli pga ferieavviklinga, men det hadde vi sjølvsagt rekna med, og vi er såleis i rute. Prosjektet ligg føre planen i høve til å testa ut den fyrste stavekontrollen, som eigentleg var planlagt til seint på hausten eller føre jul.

by Sjur N. Moshagen