Framdriftsrapport for Divvun

Nr 14, februar 2006

Gjennomført arbeid

I februar vart dei delane som skal til underleverandørar endeleg lyst ut i heile EU/EØS-området, medan det lingvistiske arbeidet framleis vart hemma pga sjukdom; trass i dette tok vi eit viktig steg framover med lulesamisk i februar: vi integrerte storparten av orda frå ordboka til Anders Kintel. Arbeidet har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • tekstinnsamling: vi sende kontrakten for å lisensiera tekstar til fleire store tekstprodusentar, og ikkje minst til Anders Kintel for å få eit lulesamisk leksikon å byggja vidare på. Vi byrja òg ein diskusjon med Iđut for å lisensiera tekstane deira, særleg sidan dei har ein del lulesamisk. Dei var i utgangspunktet veldig positive til prosjektet vårt.
  • korpusorganisering: konstant forfining av infrastrukturen etter kvart som vi bruker korpuset vårt meir og meir.
  • Lingvistisk arbeid:
    • lulesamisk: vi fekk endeleg ordboka til Anders Kintel, og fekk lagt inn store delar av henne den siste veka i februar. Det vart viktig å få eit fungerande lulesamisk leksikon før 1. mars, i motsett fall ville universitetsprosjektet ha måtta leggja ned alt lulesamisk arbeid, som òg ville ha fått konsekvensar for vårt prosjekt. Heldigvis greidde vi å laga ein fyrste "fullversjon" ("fullversjon" i motsetning til ) av leksikonet innan fristen.
    • nordsamisk: Thomas var sjukmeldt til 18. februar, og pga arbeidet med lulesamisk over vart arbeidet med nordsamisk konsentrert om å leggja til nye ord, og få tak i vedtaka frå SGL-møtet i desember.
  • namneleksikon: arbeidet med å byggja ut risten.no for namnebasen (og meir generelt for fleire parallelle basar) har gått vidare.
  • Stavekontroll: ingen ting i februar.
  • Utlysing av delar av prosjektet: utlysingsgrunnlaget (grunnlagsdokumentet) vart ferdig, og oppdraga vart sendt til den norske basen 13. februar, som sendte dei vidare til EU-basen. Grunnlagsdokumentet vart 1. mars sendt ut til alle firma som viste interesse då eg planla prosjektet. Innleveringsfrist for tilboda er 18. april.

Framdrift

Prosjektet har alt i alt halde fin framdrift i februar.

by Sjur N. Moshagen