Framdriftsrapport for Divvun

Nr 11, november 2005

Gjennomført arbeid

November har vore prega av viktige lingvistiske framsteg med lulesamisk, arbeid med risten.no, og ein del arbeid kring nyorganiseringa av namn. Arbeidet har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • tekstinnsamling:
    • korpuskontrakt: vi har endeleg fått ferdig omsetjingane av originalkontraktane frå Helsingfors universitet, inklusive tilbakemeldingar og korrigeringar frå professor Kimmo Koskenniemi. No skal våre eigne versjonar justerast i høve til korrigeringane i omsetjingane, og deretter skal juristane ved Sametinget og Universitetet i Tromsø ta ein siste sjekk.
    • innsamling: ein del tekst har vorte samla inn frå Sametinget og Odin (offentlege dokument). Elles har det ikkje hendt så mykje på den fronten i oktober, vi ventar på å få kontrakten ferdig.
  • korpusorganisering: arbeidet med infrastrukturen har gått vidare medan vi ventar på at arbeidet med kontraktane skal bli ferdig.
  • Lingvistisk arbeid:
    • lulesamisk: vesentlege framsteg vart gjorde med dei problema som stod att frå oktober. Lulesamisk er no nærmast så ferdig som han kan bli til vi får tilgang til eit leksikon og korpustekstar.
    • nordsamisk: nordsamisk blir kontinuerleg oppdatert med nye ord, og arbeidet med å korrigera og utvikla den delen som tek seg av samansetjingar og avleiingar vart påbyrja. Problema med kommunikasjonen med Sámi giellalávdegoddi og allment kring normering av samisk vart diskutert, og vi vil prøva å få til eit seminar kring problema der vi inviterer alle medlemmene av SGL. Seminaret bør bli ein gong utpå vinteren eller våren, etter at dei nye medlemmene av SGL er valde og har organisert seg.
    • namneleksikon: arbeidet har gått framover, og vi har arbeidd vidare med planen om at det nye namneleksikonet skal liggja på risten.no. Alle over 36 000 namn har vorte merka opp med tanke på eit nytt og betre namneleksikon (i all hovudsak gjort av UiTø-prosjektet).
  • Termbasen: ein teknisk feil i slutten av november gjorde at risten.no var ute av drift i over ei veke - det tok tid å retta opp feilen, og etablera betre rutinar. Dei nye rutinane skal hindra at det ikkje tek lang tid å få termbasen på plass igjen dersom det blir tekniske problem seinare, og heller ikkje at vi mister data.
  • Stavekontroll: ingen ting - stavekontrollen vil liggja ei stund no, medan vi arbeider med andre saker.
  • Utlysing av delar av prosjektet: minimumskrav med tanke på kva for versjonar av program og operativsystem vi skal støtta vart diskuterte med relevante fagmiljø, og tilsvarande dokument oppdaterte.

Framdrift

Framdrift som planlagd, sjølv om det ser ut til å ta lenger tid med utlysinga enn fyrst tenkt.

by Sjur N. Moshagen